Ordførar Odd Stangeland:
– Ikkje tilfeldig at nettopp Eiger får det til
Ved å løfta i flokk fekk Eiger bygt Norrøn-hallen, konstaterte ordførar Odd Stangeland i festtalen. Deretter måtte han samarbeida med Theodor og Gabrielle for å få klypt ei uvanleg seig snor i to.
– Det skal nesten ikkje gå an at ein kommune med 15.000 innbyggjarar har så mange idrettsanlegg som Eigersund, og at ein såpass liten kommune har to innandørs fotballbanar, sa ordførar Odd Stangeland (Ap) i den korte – tre-fire minutt, ifølgje han sjølv – festtalen sin då Norrøn-hallen i Hålå blei offisielt opna sundag ettermiddag.
Kvifor det likevel går an, visste han sjølv svaret på.
– Det går an fordi me har dei folka, det næringslivet og den kommunen som me har. Me har den krafta som skal til. Nokon kommunar bruker fine namn på seg sjølv, «smartbyen» og liknande. Eg liker namnet «entreprenørkommunen».
Her i kommunen bruker me kroppen og kompetansen vår og får det til.
«Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat her i Hålå at ein hall som dette lar seg realisera.» ORDFØRAR ODD STANGELAND
Samarbeid må til
Som fleire av dei andre som hadde ordet, trekte Stangeland fram dugnadsånda i Eiger.
– Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat her i Hålå at ein hall som dette lar seg realisera. I Eiger er det veldig mange som løftar i lag, konstaterte ordføraren.
Og så måtte ordføraren sjølv vera med å ta eit tak. Saksa Gabrielle Myklebust frå J10 og Theodor Skadberg Log frå G10 hadde fått utdelt, var nemleg sløv som bare det. (La oss iallfall skulda på saksa!) Å få klypt snora i to, gjekk faktisk
nesten ikkje an. Så stort løft var det ikkje akkurat for Odd Stangeland, men dei tre fekk iallfall bevist at samarbeid gjer susen. Til slutt datt snora i to bitar ned på kunstgraset, og Norrøn-hallen var offisielt opna.
– Tipp for ei god sak!
Før den tid var det sagt mange fine ord om både hallen og dei som har bygt han. Trond Olav Asperud frå Norsk Tipping var til stades for både å rosa Eiger for engasjement og dugnadsiver, og han minte om at kvar gong det ikkje blir gevinst når ein tippar, så blir det pengar å dela ut til gode tiltak som Norrøn-hallen er eit strålande eksempel på. Inkludert dei 5,3 millionar kronene som Eiger har fått i spelemidlar til Norrøn-hallen, har klubben opp gjennom åra fått til saman 14,5 millionar kroner til anlegget i Hålå, kunne Asperud fortelja.
Forventar foreldre i kjempeform
Styreleiar Tore Tollefsen i Eiger FK fortalde dei mange frammøtte, både dei som var kledd i raudt og blått, og dei som var i sivil, om kva den nye hallen inneheld av fasilitetar og korleis klubbleiinga ønskjer at han skal bli brukt. Blant anna ser Tollefsen føre seg at ei positiv formutvikling i foreldregruppa i tida som kjem.
– Eg håper treningsrommet i hallen blir flittig brukt sånn at Eiger får den sunnast og sprekaste foreldregruppa i mils omkrets, sa Tollefsen.
Om kunstgrasbanen sa han at ønskjer at han ikkje bare blir brukt til organisert trening.
– Her ligg det òg til rette for det som me før kalla «løkkefotball», sa han og viste til ein viss Braut Haaland og den nytten han fleire gonger har uttalt at han har hatt av fotballhallen på Bryne.
Kanskje eit ørlite handikap
Då lovorda var sagt og blomane utdelt, var det klart for å ta banen i bruk til det han er meint for: fotball. Eit lag samansett av spelarar frå klubben sine G10- og J10-lag fekk då gleda av å knusa a-lagsspelane. At a-lagsspelarane var bundne saman to og to, éin frå herrelaget og éin frå damelaget, slik at dei bare hadde éin fot kvar til disposisjon, treng ein vel ikkje dvela ved.